Tilbake
Ann-CathrinTessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Ann-Cathrin Tessnes
Andreas Ljones

LAUS LEVANDE

Folkemusikk med dansefot

Ein gjøglartrupp bankar på skuleporten! Inn kjem ein staseleg spelemann med fela i hand, ein omreisande frikar med einrader på ryggen og ei lettbeint «kjerring» med stav! Ut av instrument og strupe trillar tradisjonstoner, –og innimellom rykkjer det så mykje i foten at dei lyt danse!

Tre dedikerte utøvarar har dukka ned i til dels ukjend folkemusikkmateriale frå ymse Akershus-regionar, og funne perler dei har pussa blanke for deg. Rydd golvet og gjer klar til både pardans og lausdans, alvor og skjemt! Eit eventyrleg-poetisk-musikalsk trekantdrama vil snart finne stad på din skule!

Lærerveiledning

Repertoaret i denne laus levande «dansekonserten» er henta frå ulike tider og ulike miljø; frå dei gamle bygdedansane med røter attende til 1500-talet (m.a. halling og springdans) til den såkalla storgardsmusikken (polonese, engelis, menuett, gigue m.m.). Dette er musikk som vart spelt omkring på dei store gardane på 1800-talet og som var sterkt prega av den europeiske kunstmusikken, slik namnet på dansane gjev uttrykk for.

Vi ber om at elevane får vite litt om bygdedansen halling/laus). Musikken vil bli spelt på fleire instrument: fele, einrader (eit litetrekkspel med berre ei rad med knappar), munnspel, seljefløyte, harpe og bass-langleik.

Nokre av desse og andre typiske folkemusikkinstrument kan du finne stoff om i del 4 av Vegar Vårdals ironisk-humoristiske artikkelserie skrivi på oppdrag frå Norsk Kulturarv. I del 1 frå same serie, blir det fabulert kring omgrepet folkemusikk: Kva er det nå eigentleg? Kva legg elevane i dette? Og ta nå endeleg ikkje namnet på artikkelserien personleg!

Bruk konserten

KUNSTEN Å VÆRE EN GOD LYTTER - eit Bruk konserten!-opplegg

Sidan dette er ein akustisk konsert med til dels «lydsvake» instrument, trengst det ro og lyttande atmosfære for å få med seg alle ord og tonar. Tipsar om å nytte Bruk konserten!-opplegget Kunsten å være en god lytter for å førebu elevane og setje dei inn i lyttemodus!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Akershus fylkeskommune, kulturseksjonen, DKS-enheten
  • Produsent: Ann-Cathrin Tessnes

    Spørsmål om kunstnerisk innhald:
    Kontakt produsent Ann-Cathrin Tessnes
    Tlf. 22 05 53 50 / 924 24 435

    Spørsmål om tidspunkt/ gjennomføring:
    Kontakt turnékoordinator Hilde Kjos
    Tlf. 22 05 53 49 / 992 61 452
  • Idé/opplegg: Produsent og musikarar i samarbeid.

Om kunstner / utøver / gruppe

Øyonn Groven Myhren arbeider som frilans songar, låtskrivar og folkedansar, og har dei siste åra vore leiande på den norske folkemusikkscena. Ho kjem frå ein familie med røter djupt i folkemusikktradisjonen, både vokalt og instrumentalt, noko som mellom anna har inspirert henne til å jobbe med instrumentalsong (t.d. tralling av slåttar). Øyonn er med i fleire grupper og har samarbeidd mykje med kunstnarar frå andre sjangrar. Av tingingsverk ho har skrivi, kan nemnast Nivelkinn i samarbeid med Odd Nordstoga, som vart gjeve ut på CD og fekk Spelemannprisen i 2002.

Ulf-Arne Johannessen er ein allsidig utøvar som i tillegg til å danse både halling og pardans i det absolutte toppsjiktet, spelar torader, banjo, gitar, bass og trekkspel! Han har lang og brei erfaring frå sceniske produksjonar ved ymse teater, men òg frå framsyningar med dansekompaniet FRIKAR. Ulf-Arne har drivi utstrekt turnéverksemd både i regi av Riksteatret og Rikskonsertene. Han er ein populær kurshaldar i torader og dans, og har gjeve ut solo-CD-en Brennheiten - laus og springar frå Hallingdal.

Andreas Skeie Ljones er ein utøvande musikar med basis i folkemusikk. Han arbeider òg som komponist, produsent og konseptutviklar for prosjekt innanfor folkemusikk og dans. Som utøvar og komponist har han mellom anna fleire sceniske produksjonar med dansekompaniet FRIKAR bak seg. Han har vore med på plateutgjevingar med Majorstuen, Ola Bremnes og Odd Nordstoga i tillegg til hans eige band, Andreas Ljones Band. Andreas  var for øvrig den fyrste som tok Diplomstudiet ved Norges musikkhøgskole med hardingfele som instrument!

Publikumskommentarer